Soga

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. juli 2015 kl. 01:31 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Flyttet på kart)
Hopp til navigering Hopp til søk
Soga i dag.

Soga (Kilesoga) er ein tidlegare foss i Otra ved utlaupet av Kilefjorden ved Kile i Vennesla. Elva var opprinneleg smal her, og det var som om ho vart sugd ut av Kilefjorden. Ved oppdemminga av Gåseflåfjorden sør for Kilefjorden først på 1950-talet vart vannspeilet i Gåseflåfjorden heva med 11 meter, og kom opp praktisk talt på høgde med Kilefjorden. Då forsvann fossen Soga, og det blei bare att eit lite stryk med opp til ein halv meters skilnad.[1]

Kart

Laster kart ...


Referansar

<references>

  1. Salve Øina, Noke frå indre Agder, STAS 2014, side 7