Juvatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. juli 2015 kl. 01:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Juvatn)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Juvatn er eit vatn (513-489 moh.) heilt nord i Åseral kommune, mot grensa til Bygland kommune. Vatnet er regulert og oppdemd av Juvassdammen (to dammar) i sørenden. Det skjedde i samband med utbygginga av Logna i 1958.

Samstundes med kraftutbygginga kom det offentleg veg inn til nordenden av Juvatn. Herfrå går det privat veg (bomveg) vidare inn til den nedlagde heiegarden Ånebjør i Bygland.

Kjelder