Kallhovd
Kallhovd er ein gard (gnr. 8) i Dåsvannsdalen i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. I sør grensar garden til Jortveit og i nordover i Dåsvannsdalen til Uleberg.
Gardsnamnet kjem truleg av den karakteristiske kjegleforma fjelltoppen Kallshovet som stig opp nord-vest for busetnaden i garden. Når ferdamannen kom over heia frå vest og såg denne fjelltoppen som derifra likna eit kalvehovud, fall det heilt naturleg å kalle denne fjelltoppen for Kallshovet, heiter det i Kultursoga for Evje og Hornnes. Namnegranskaren Oluf Ryg har peika på fleire andre mogelege tydingar. Ei kunne vere at det kjem av "kald", kaldr. På fjellet er det merke etter ei gamal bygdeborg til vern mot fiendar. Kaldr kan tyda "vond, fiendsleg" ved sida av kald.
Ein reknar med at Kallhovd er ein av dei eldste gardane i Hornnes, kanskje frå romersk jernalder. Garden ligg nede i dalbotnen, på god landbruksjord langs Dåsåna, der ein må tru dei første fast busette slo seg ned. Det er funne mange gravhaugar på garden, ganske sikkert frå folkevandringstida (400-570 e.Kr.). Restane etter ei bygdeborg på Kallshovet peikar også tilbake mot denne tida. Det same gjer det topografiske naturnamnet garden har fått.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 204-245
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2006, s. 31-32
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 40-70