Gymnasvegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. desember 2014 kl. 11:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Gymnasvegen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gymnasvegen er eit lite vegstykke nær Dåsnes i Hornnes. Vegen går eit par hundre meter mot vest frå Dåsnesvegen ved Hornnes hjelpefengsel, svingar nordover forbi Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes og sluttar rett etter at han har passert internatbygningen ved skulen. Her er vegen stengd med bom i sommarhalvåret. Vidare etter bommen gjennom Dåsnesmoen bustadfelt heiter vegen Lyngvegen.

Ein kan også gå og sykle til Otrahallen gjennom Gymnasvegen, med det er ikkje mogeleg å kjøre med bil heilt fram til hallen denne vegen. Atkomstveg til Otrahallen med bil er i staden frå Fylkesveg 302 i Dåsvannsdalen.