Nutensgate
Nutensgate er ei parallellgate til Vassendgata på Byglandsfjord, og går frå riksveg 9, kryssar Kjøpmannsgata og endar i Birkelands gate ved den tidlegare verkstaden til Setesdal bilruter.
Historie
Namnet Nutensgate kjem naturleg av at gata endar opp i ein bakke opp mot riksveg 9, og såleis peikar mot Årdalsnuten, eller Årdalsknapen som fjellet nå heiter. Då gata vart anlagt, før 1918 av Albert Olsen, så har nok namnet vore Nudensgade med blaude Kristiansands-konsunantar. Gata kryssar Kjøpmannsgata, og her må ein sjå seg litt føre for å ikkje enda med bulka skjerm. Dette er einaste staden gatekryssa har ein viss likskap med gatene i Kvadraturen i Kristiansand, som har vore mønster for reguleringa. Austre delen opp mot Setesdalsvegen heiter Nutensbakken, og vart jamna ut av svenske steinarbeidarar for 100 år sidan.
Kjelder
- Reidar Tveito etter diverse mundtlege kjelder på Byglandsfjord.