Ole Røilands gate

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. november 2014 kl. 23:00 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gata var planlagt mellom Birkelandsgata og Setesdalsvegen, men berre denne biten vart realisera
Den korte gatestubben fekk sitt eige skilt.
Foto: Reidar Tveito
Raud strek er Ole Røilands gate. Stipla strek der gata ikkje er opparbeidd.

Ole Røilands gate er ei gate på Byglandsfjord. Gata fekk sitt namn før 1918 ein gong, oppkalt etter Ole Røiland, som dreiv Byglandsfjord samvirkelag på den tida. Albert Olsen hadde kjøpt opp store arealer, regulert gater og tomter, og sett namn på dei. Det er bare ein stubb som brukast, men ein slags sti høyrer til. Gata er kort og har berre 4 bustadar så Bygland kommune ville døypa om gata i samband med namnesettinga dei heldt på med i 2014. Dei ga seg, og Ole Røilands gate overlevde som namn, helst fordi det var potensiale for fleire bustadar der. Osmund Faremo freista å opparbeide heile gata som eit sysselsettingstiltak ein gong, men det var andre ting som gjekk føre då.

Bygland kommune sette opp gateskilt i 2014. Det vart ein liten stavefeil her, men utan at det gjorde noko.

Kjelde