Albertstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. november 2014 kl. 18:14 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Ny side: '''Albertstad''' er eit namn på ein større del av Byglandsfjord, men eit namn som aldri kom i vanleg bruk. Salbergmoen heitte den flate furumoen der gamlebygda på Byglandsfjor...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Albertstad er eit namn på ein større del av Byglandsfjord, men eit namn som aldri kom i vanleg bruk. Salbergmoen heitte den flate furumoen der gamlebygda på Byglandsfjord ligg. Det gjekk ein kjerreveg lengst nord i området mellom Setesdalsvegen og Senumsundet. Straks etter at Stortinget vedtok å byggja jarnbane opp til Byglandsfjorden, så kjøpte handelsmannen Gunder Abusdal opp land på båe sider av denne vegen.

Det kom straks opp hus i dette området, og då var det Albert Olsen frå Kristiansand sin tur til å kjøpa det som var att av Salbergmoen. Han sette i gong regulering av gater og tomter etter mønster frå Kvadraturen i Kristiansand, og kalla heile området opp etter seg sjølv som Albertstad. Sjølv om namnet forsvann saman med mannen, så vart dette til eit greit regulera bustadfelt lenge før kommunane hadde slike ting å stella med. Dei 5 gatene i området fekk sine namn og tomtenummer som ein har nytta fram til 2014. Etter det vart alle nummer bytta ut med nye, og gatene fekk mindre justeringar for å imøtekoma moderne krav.

Kjelder