Yksenåna
Yksenåna (Yksenskorbekken), lita elv som renn frå Såtelitjørn, forbi garden Yksenskor, ned i Sydalen, der bekken sluttar seg til Sya, og vidare ned i Dåsvatn lengst nord i Dåsvannsdalen i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. I Skotet, der elva renn ned i Sydalen, kastar ho seg utfor ein høg foss med eit samla fall på omlag 100 m.