Moisund-avis.com
Moisund-Avis.com har no sett dagens ljos og om ein månad kjem den fyrste avisa.
Forutan redaksjonen i nettstaden www.moisund.com så er og Setesdalstrykk med på laget. Dette gjer sitt til at me tek hand om heile produksjonen, lokalt. Avisa vil (som det seier seg med utsending ei gong i månaden) ikkje vere ei nyhendeavis, men meir eit magasin som tek føre seg kva som rørar seg i dalstroka innanfor.
Tordag 25.juni, dagen før handelens dag på Evje kjem den fyrste avisa. Deretter tek me sikte på ei utgåve i månaden (med unntak av juli). Ei gratisavis som vert distribuert til alle husstander i Bygland, Evje og Hornnes, Iveland, Åseral, Bjelland, Byremo, Eiken og Hægeland. Dette betyr eit nedslagsområde innan heile 8 kommunar i dalstroka innanfor. For å kunne lukkast med prosjektet er me sjølvsagt avhengig av annonsørar, men me er samstundes oppteke av at dette IKKJE skal verte ei ny reklameavis! Dette skal bli avisa for dalstroka innanfor, som skal nå ut til alle