Hornnes
Hornnes er ein tidlegare kommune i Setesdal i Aust-Agder. Hornnes vart sjølvstendig kommune 1. januar 1886 då det tidligare Hornnes og Iveland formannskapsdistrikt vart delt i to: Hornnes og Iveland kommunar. Hornnes var på vestsida av Otra, frå Senum ved Byglandsfjorden i nord til Vestre Hodne mot fylkesgrensa til Vest-Agder i sør. Kommunen var om lag 30 km lang, med ei breidde mellom 10 og 15 km. Flatevidda var 378 km2. I innsjøen Breiflå stikk det ut to oddar - som to horn. Det er visstnok dette som skal ha gitt Hornnes (garden) namnet, og seinare bygda og kommunen.
Setesdalsbanen kom i 1896, og med han stasjonar på Moisund og i Hornnes. Rundt stasjonane vaks det fram ein del ny busetnad. Hornnes landsgymnas vart etablert i 1918, og gjorde at det blei bygd mykje nytt i Dåsnes. Dåsnes og Faret har frå gamalt av vore eit knutepunkt for trafikken opp og ned Setesdal, og til nabobygda Åseral.
1. januar 1960 vart Hornnes og Evje kommunar slegne saman til ei eining med namnet Evje og Hornnes kommune.
1. januar 1986 vart gardsnummer 125, Lislevatn i Birkenes, tillagt Evje og Hornnes kommue.
Severdigheter
- Hornnes stasjon på den nå nedlagde Setesdalsbanen er teikna av arkitekt Paul Due og vart bygd i 1895. Stasjonbygningen, privetbygningen og restane av stasjonhagen vart freda i 2002.
- Hornnes kyrkje er ei laftebygd, 8-kanta kyrkje med plass til 300. Den er bygd i 1828. Hornnes er dokumentert som kyrkjestad tilbake til 1327. I tienderekneskapa i Roma er kyrkja kalla som «Ornes i Odralen provincis».
- Setesdal Mineralpark har ein 1.100m² utstillingshall sprengt inn i fjellet med mineralar og bergartar .
- Fjelltoppen Masi er eit utsiktspunkt over Hornnes, og eit populært turmål.
- Hornnes jernbanebru er ei bru over Otra, bygd 1895 før opninga av Setesdalsbanen i 1896, i dag brukt som gang- og sykkelbru mellom Hornnes og Evjemoen/Bjoråvika.
Kjelder
- Jørgen Moseid, Hornnes, omtale av Hornnes i Norges bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, utgitt av Norsk Faglitteratur og G Reinert, Oslo 1956, s. 424-432