17. mai-talen på Rysstad 17. mai 2006

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. oktober 2014 kl. 20:58 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Austad ungdomshus)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Austad ungdomshus ligg på Austad like nord for Ose bru. Bygget er frå 1919, men etter at Ose grendehus vart reist, har det ingen funksjon og står til forfall. Huset var sentralt i arbeidet til Austad frilynde ungdomslag. Det var også målet for 17. mai-toget frå Heistad, som var innom Austad gamle kyrkjegard før det enda på ungdomshuset. Men på 1990-talet vart endemålet for toget Potetlageret på Austad.

Her vart det synt film, det var dans, basarar, jolefestar og blindekveldar med Engedal og Stordahl. Bygget hadde ikkje innlagt vatn. Blant dei siste som spela til dans i ungdomshuset på Austad var Vidar Frøysnes, Olav L. Liestøl og Oddvar Omnes.

Kjelde