Olaf Henrik Homme
Olaf Henrik Homme (fødd 15. august 1945) er tidlegare varaordførar i Valle kommune. Han har vore medlem av kommunestyret i Valle i mange periodar for Valle Arbeidarparti. Han var varaordførar frå 1999 til 2007, den perioden Steinar Kyrvestad frå Valle Senterparti var ordførar. Han er tilsett som vedlikehaldsarbeidar i Valle kommune, ein jobb han begynte i i 1985.
Før han fekk jobb i Valle kommune, arbeidde Olaf Henrik Homme i ulike jobbar. Han var på anlegg, arbeidde for Saavi Nomelands entreprenørfirma, han var bilmekanikar på Kristiansand Auto og jobba både for Kruse Smith og på Falconbridge.
Olaf Henrik Homme er gift med Berit Homme. Dei bur på Rysstadmo.