Ketil Grindheim

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. oktober 2014 kl. 23:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ketil Grindheim)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Svein Ketil Grindheim er født på Grim og oppvaksen ved Vollevannet i Kristiansand, men bur no i Dåsnes i Hornnes saman med kona Marit Grindheim. Han er utdanna lærar, og tilsett ved Evje ungdomsskule. På fritida er han ein mykje engasjert trenar i skigruppa i Otra IL, og ein aktiv orienteringsløpar i orienteringsgruppa. Han har også vore mykje med i sykkelmiljøet i idrettslaget.

Ketil var i to år midt på 1980-talet trenar for rekruttlandslaget i langrenn. Etter desse to åra var han landslagtrenar for damelandslaget i langrenn. Blant løparane han trente då var Anette Bøe, Anne Jahren, Marit Wold (Mikkelsplass), Grete Ingeborg Nykkelmo, Inger Helen Nybråten og Trude Dybendal m.fl.

Då det kom på tale å starte opp skigymnas på Hovden vart Ketil kontakta. Her vart han verande i 13 år, berre med eit lite avbrot som landslagstrenar i perioden 2000-2001, kor han mellom anna hadde ansvaret for Bente Martinsen (Skari).

I 2003 flytta han til Dåsnes saman med kona Marit, som er frå Hornnes. Etter ei tid som reiselivssjef og dagleg leiar i Otra IL (2003-2005), byrja han som lærar på Evje. Her har han blitt verande.

Ved sida av å vere trenar for andre i ei årrekkje, har Ketil Grindheim òg sjølv vore ein god idrettsutøvar. Frå 9-10-årsalderen var han å sjå på friidrettsbanar i Kristiansands-området. Han spelte fotball i Vigør, mellom anna for seniorlaget i 3. divisjon (2. divisjon i dag). Han er også krinsmeister i langrenn, og har delteke i Noregsmeisterskap.

Kjelder

Eksterne lenker