Setesdalskappleiken 2011
Utsjånad

Foto: Anne Hasla
Setesdalskappleiken 2011 vart arrangert av Setesdal Spelemannslag på Rysstad i tida 4.-6. august 2011. Fleire av konsertane var annonserte som utekonsertar, men veret gjorde at alle arrangementa måtte flyttast inn.
Program
Torsdag 4. august 2011

Foto: Liv Bratlie Løyland
- Klokka 19 på Bjugsbakk ved Setesdalsmuseet
- Utekonsert. «Eilert Sundt og Setesdal» Setesdølar med spel, dans og kveding. Forteljar: Leonhard Jansen
- Klokka 21
- Utekonsert med ungdomsgruppa «Stryk», unge og lovande spelemenn og – kvinner frå Haugesund.
Fredag 5. august 2011
- Klokka 9 ved Coop Hylestad
- Gratis Sentrumsfrokost
- Klokka 10-12 på Hylestad soknehus
- Førstehjelpskurs i Setesdalsgangar ved Kari Margrete Okstad
- «Å danse eisemadde». Kurs for vidarekomne ved Birgit Annette Helle og Tor-Espen Helle
- Kurs i munnharpe ved Bjørgulv Rysstad
- Kurs i munnharpe ved Sigurd Brokke
- Kvedarstund ved Sigrid K. Jore i Heddistoga (for alle)
- Klokka 10-12 på Sylvartun
- Kurs i felespel for dei litt urøynde ved Knut Arne Rysstad
- Kurs i felespel for dei meir røynde ved Hallvard T. Bjørgum
- Kurs i felespel for dei meir røynde ved Gunnar Stubseid
- Klokka 14-16
- Kursa i munnharpe og felespel held fram
- Kurs i gangarring ved Birgit Annette Helle og Tor-Espen Helle (for alle)
- Kvedarstund i Heddistoga med Kirsten Bråten Berg og Lena Willemark (for alle)
- Klokka 17 på Setesdalsmuseet
- Barneprogrammet «Ulven og dei sju geitekillingane» ved Helga Jacobsen
- Klokka 19 på Bjugsbakk ved Setesdalsmuseet
- Konserten «Vegen» ved KARtrio. Utekonsert
- Klokka 21
- Konsert med Frifot
Laurdag 6. august 2011
- Klokka 9 ved Coop Hylestad
- Gratis Sentrumsfrokost
- Klokka 10 i Hylestad soknehus
- Påmelding til kappleiken
- Klokka 11
- Kappleik
- Klokka 19.30
- 200-års jubileumskonsert for Peter Veum med Hallvard T. Bjørgum, Gunnar Stubseid med fleire
- Klokka 21
- Premieutdeling og dans. Lokale spelemenn, Stryk og Stubseid trio spelar til dansen.
Sundag 7. august 2011
- Klokka 11
- Høgmesse i Valle kyrkje klokka 11 med folkemusikkinnslag
Billettprisar Setesdalskappleiken 2011
- Barnekonsert – gratis
- Gjennomgongsbillett: Vaksne kr. 700/13-20 år kr. 500
- Alle konsertar, kappleik og dans på laurdag: kr. 150/100 (honnør/kulturkort) per arrangement
- Ungdom mellom 13-20 år må vise kulturkort og legitimasjon
- Deltakaravgift kr. 100 uansett alder
Kjelder
- Programfoldar for Setesdalskappleiken 2011
- Torgeir Eikeland: Kappleik og kurs med kremlærarar. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt laurdag 6. august 2011 side 12 og 13