Ljosland fjellhage

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. november 2018 kl. 18:37 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (piping)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ljosland fjellhage ein gråversdag i mai 2017.

Ljosland fjellhage vart offisielt opna av statsråd Jon Lilletun i 1999. Hagen ligg på Ljosland, mellom Ljosland fjellstove og Monnåni, 530 meter over havet. Her er samla planter som har si hovudutbreiing på snaufjellet i Agderfylka, men og dei andre norske fjellplantene som ikkje veks i Agder er med. Det er til og med inkludert nokre planter frå Svalbard.

Historikk

Ideen til ein slik fjellhage kom tidleg på 1990-talet, og i 1994 var den første befaringa på Ljosland. Plantene vart lagra i fiskekasser før utplanting. Frå Agder naturmuseum og botaniske hage var Ovin Udø og Heideros Udø aktive då hagen vart anlagt, medan Egil Eriksen frå Åseral sto for det meste av anleggsarbeidet. Han hadde også hjelp av sonen John Torjus Eriksen. Den ferdige hagen er alltid open, gjennom hagen går ein veg tilrettelagt for rullestolbrukarar.

Plantene

Plantene frå Agder i Ljosland fjellhage er inndelte i fleire grupper. Ei gruppe kjem frå ein nedlagd hage på Ljoland og er kalla Bondehageplanter frå Ljosland. Neste gruppe er kalla Blomeeng og ligg like ved inngangen til fjellhagen. Ei gruppe syner blomar frå Kalkfattig fjellhei, vidare finn vi vier og myrplanter, høgstaudeeng, planter frå kalkrik rasmark, raudlista planter og frodig stølseng.

Kjelder