Evje og Hornnes Kristelig Folkeparti

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. januar 2020 kl. 09:01 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert med nytt styre etter årsmøtet 2020)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørn Ropstad, KrF, har vore ordførar i Evje og Hornnes kommune sidan 1999.

Evje og Hornnes Kristelig Folkeparti er lokallaget i Evje og Hornnes av det politiske partiet Kristelig Folkeparti. Partiet hadde ordføraren i kommunen, Bjørn Ropstad, frå 1999 til 2019. Ved kommunevalet i 2015 fekk Evje og Hornnes KrF ni representantar inn i kommunestyret 2015-2019. Ved valet i 2019 blei talet på representantar redusert til fem, og ein konstellasjon med Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre overtok ordførarvervet.

Styre

Frå årsmøtet 20. januar 2020 var dette styret i lokallaget: Alf Egil Kjebekk, Wenche Rundsag Høgetveit (leiar), Dag Yngve Aasen (kasserar) og Morten Haraldstad.

Frå 2016 var dette styret: Alf Egil Kjebekk (leiar), Morten Haraldstad, Wenche Høgetveit, Siv Anita Johansen Bærheim og Dag Yngvar Aasen.

Liste ved valet i 2015

Partiet stilte liste ved kommunevalet i 2015 og fekk ni representantar i Evje og Hornnes kommunestyre 2015-2019. Desse stod på lista:

  1. Bjørn Alfred Ropstad
  2. Wenche Rundsag Høgetveit
  3. Alf Egil Kjebekk
  4. Siv Anita Johansen Bærheim
  5. Morten Haraldstad
  6. Ellen Cecilie Møllen
  7. Rune Telhaug
  8. Dag Yngve Aasen
  9. Marie Abusdal
  10. Inger Lise Skarberg Refsnes
  11. Sigmund Andreas Monen
  12. Geir Guldsmedmoen
  13. Reidun Høgetveit
  14. Agnes Gyro Skaiå

Desse kom inn: Bjørn Alfred Ropstad (ordførar), Alf Egil Kjebekk, Wenche Rundsag Høgetveit, Morten Haraldstad, Rune Telhaug, Marie Abusdal, Siv Anita Johansen Bærheim, Ellen Cecilie Møllen og Dag Yngve Aasen.

Kjelder

Eksterne lenker