Hallvard G. Gjerden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. oktober 2012 kl. 11:23 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (bilete)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hallvard G. Gjerden

Hallvard G. Gjerden (fødd 1939, død 20. oktober 2012) budde i Bykle. Han var ugift og etterlet seg søskena Olav, Birgit, Sigrid, Olav, Torbjørg og Jorunn, svigersøsken og annan familie. Gravferda var frå Bykle kyrkje fredag 26. oktober 2012 klokka 11. Etter gravferda var det minnestund på Bykle Hotell.

I yngre år kjøpte Hallvard Gjerden traktor og tok på seg maskinoppdrag, men den lengste tida arbeidde han som søppelkjørar i kommunen. Han hadde ein periode som soldat i Gaza på 1960-talet, noko som gjorde at han var svært oppteken av Israel og Midt-Austen. Mest kjent vart han nok då han hevda at den nye kyrkja i Bykle var vendt mot Mekka, men han skreiv mange lesarbrev i Setesdølen om politikken i Bykle, om alkohol og villreinforvaltning og mange andre emne.

Kjelder