Hopp til innhald

Valle Radio

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. januar 2012 kl. 00:22 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Sjå også: lenke)

Valle Radio er lokalradio for Valle kommune. Den vart etablert i 1997 og hadde til å begynne med rom i 3. etasje på det gamle kommunehuset i Valle. Men då Setesdalstunet vart bygd, fekk radioen plass i etasjen over Trygdekontoret. Der har han vore sidan.

Styre

Dei fyrste åra var Hallvard Kjelleberg leiar av radioen. Då han døydde, overtok Theis Salvesen. Då han flytta frå Valle kommune, vart Harald Haugland vald til leiar, og då han gav seg etter to år, frå 2007 til 2009, overtok Ørnulf Hasla som styreleiar i 2009.

Etter valet i 2011 har han desse med seg i styret: Britta Lise Homme, nestleiar Helge Homme, kasserar, Jørund Georg Jore, teknisk sjef, Inga Flateland, styremedlem. og varamedlemmane Anna Rysstad og Rolf Erik Homme.

Revisor Hallvard Holum vart attvald.

Sending

Valle Radio sender tysdags- og onsdagskveldane over sendernettet til Bykle Radio og dekkjer Valle kommune og Bykle kommune. Sendingane startar normalt klokka 18:00. Radioen har sommarferie frå 1. juni til september.

Tysdagar

Tysdagane er Harald Haugland ansvarleg for ei sending som i stor grad har kristeleg preg. Mykje av stoffet hentar han frå Norea Mediemisjon. Annankvar tysdag er Niklos K. Besteland med i studio for å lage programmet Postludium. Men sjølv om det er mykje kyrkje- og kristenliv desse dagane, nyttar han høvet til å ta med aktuelle saker av og til, i tillegg til at folkemusikk kan stå på programmet. Sjå Liste over tysdagsprogram i Valle Radio 2011.

Onsdagar

Onsdagane er det bygderadio med nytt frå næringsliv og folkeliv, kommunen informerer, andakt og open sending. Ansvaret for desse sendingane er delt mellom fleire programleiarar. Sjå Liste over onsdagsprogram i Valle Radio.

Medarbeidarar

Programleiarar

Bjørgulv T. Berg, Ørnulf Hasla, Harald Haugland, Britta Lise Homme, Øyvind Jacob, Ronny Stavsholt. I tillegg kjem programleiarar for Open sening og påskesendingane: Helge Dahle, Jorunn Lund Harstad, Kåre Rike og Rolf Erik Homme.

Teknikarar

Inga Flateland, Torleif Haugen, Harald Haugland, Jørund Georg Jore, Torhild Sandnes, Marcel Tiedje.

Telefonvakter

Jorunn Lund Harstad, Ingebjørg Helle Haugen, Jorunn Helle, Berit Homme, Olaf Henrik Homme, Bjørg Ragnhild Trydal Jansen, Gudrun Nomeland, Anna Rysstad, Ingebjørg Ellinor Rysstad, Ingunn Åkre Uppstad.

Blogg

Harald Haugland skriv ein blogg basert på programma i Valle Radio, Valle Radios blogg. Bloggen har hatt over 400.000 besøk frå vi starta i oktober 2005. Extension:RSS -- Error: "http://mbp-feeds.mokono.com/pf/617340/valleradio.blogs.no/feed/rss2/posts/" er ikke på listen over tillatte matinger. https://setesdalswiki.no/blog/feed/ er eneste tillatte mating.

Sjå også

Eksterne lenker