Slettefet

Foto: Geir Daasvatn
Slettefet er ein stad under garden Moi, langsmed Riksveg 9 mellom Vestre Hodne og Moisund i Hornnes. Det ligg eit småbruk på kvar side av riksvegen, i tillegg til nokre mindre bustadeigedomar i området. Nasjonal Sykkelrute nr. 3 går forbi Slettefet. Her tek ruta av frå Rv-9 på veg sørover, og følger eit ein eldre parsell av Setesdalsvegen forbi Hodnekilen til Hodne sag og tilbake til riksvegen.
Historie
Det var i 1850-åra og seinare at fleire bruk blei skilde frå Moi-garden her og fekk eigne bruksnummer.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 526-530
- Kart på nettsida til Statens Kartverk