NMS Gjenbruk
NMS Gjenbruk ble åpnet onsdag 1. november 2006.[1] Butikken ligg på Verksmoen på Evje i same hus som Evje og Hornnes folkebibliotek. Inngangen er frå nordsida. Etter at dei hadde halde til i bygget Heimtun i Evje sentrum frå starten, måtte dei finne nye lokalar, då huset dei var i, skulle rivast i 2011. No har dei plass i tre år i Verksvegen 4.
Butikken er ein av 40 butikkar som Det Norske Misjonsselskap står bak. Dei sel brukte saker til inntekt for misjon og bistand i fire verdsdelar, og er lyspunkt og samlingsstad for både frivillige og kundar. På Evje står ein stab på om lag 20 frivillige for drifta med Valborg Hauan i spissen. Butikken tek imot møbler, lampar, speglar og bilete, servise og kjøkkenutstyr, leiker og sportsutstyr. Dei har og ei hylle med bøker. Det kostar ikkje noko å levere brukte gjenstander hos NMS Gjenbruk, men det dei tek imot, må vere råd å selje att. Mange hyttefolk besøker butikken, så tidvis får dei gjenstander frå andre butikkar om dei ikkje får inn nok frå lokalt hald.
Åpningstider:
- Tirsdag 1100 - 1600
- Onsdag 1100 - 1600
- Torsdag 1100 - 1600
- Fredag 1100 - 1800
- Lørdag 1000 - 1400
Referanser
- ↑ Gjenbruksbutikk nr. 6 i Agder åpnet på Evje. Artikkel i NMS Agder nr. 6, 2006 side 1