Kjersti Park bustadfelt
Kjersti Park bustadfelt ligg rett aust for Evje sentrum, mellom Grenjå bustadfelt og Evje stadion. I nord ligg Tingbergheia bustadfelt.
Det var sist på 1970-talet at utbygginga av feltet starta, etter ein reguleringsplan vedteken i 1978. Utbyggar var byggmeister Håkon S. Hansen. Den første reguleringsplanen vart seinare endra, og gjeldande plan for området er reguleringsplan for Kjersti Park, dagsett 22. mars 1984.
Tilkomsten til Kjersti Park med bil er frå Alfred Uglands veg sør for Evje sentrum.
Kjelde
- Reguleringsplan for Kjersti Park, planidentitet 198401, godkjent 22. mars 1984