Kjell Ingolf Ropstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. mai 2011 kl. 12:46 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjell Ingolf Ropstad, alltid på farten.

Kjell Ingolf Ropstad (fødd 1. juni 1985) er politikar og representerer KrF på Stortinget. Han er son til ordførar Bjørn A. Ropstad i Evje og Hornnes kommune og vaks opp på Moisund. Som 14-åring melde han seg inn i Kristeleg Folkeparti i 1999. I 2003 vart han vald inn i Evje og Hornnes kommunestyre og i Aust-Agder fylkesting. Det vart bare ein periode i kommunestyret, men han vart attvald i fylkestinget i 2007 og var inne i sin andre periode der då han vart vald inn på Stortinget i 2009 som 4. medlem frå Aust-Agder. På Stortinget vart han medlem av Arbeids- og sosialkomiteen frå 20. oktober 2009 - 30. september 2013.

Frå 2007 til 2010 var han leiar i KrFU etter å ha vore nestleiar frå 2005. Kjell Ingolf Ropstad gjekk eitt år på allmennfag på Hornnes vidaregåande skule (2001-2002), men flytte etter det året over til Drottningborg vidaregåande skule og tok eksamen artium der i 2004. Frå 2005 studerte han jus på Universitetet i Oslo, og han er bachelor i jus og økonomi frå 2009.

Eksterne lenker