Wenche Gundersen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. september 2014 kl. 23:17 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (personmal)
Hopp til navigering Hopp til søk
Wenche Gundersen
Født: 1955 (alder 70–71)

Wenche Erland Gundersen (fødd 1955 i Kristiansand) er leiar av økonomiavdelinga i Valle kommune frå 1. mars 2000. Ho kom frå stilling som rekneskapssjef i Lillesand kommune, der ho begynte i 1985. Før det hadde ho arbeidd ti år på kemnerkontoret i Kristiansand. Ho bur på Flateland saman med mannen Rolf Gundersen. Dei har ei vaksen dotter. Ho har økonomiutdanning frå Agder Distriktshøgskole. Den tok ho parallelt med jobben.

I fritida likar ho å drive med handarbeid, ho har sydd Setesdalsbunad til både seg og mannen, i tillegg vert det mykje strikking.

Kjelde

  • Opplyst i samtale 14. januar 2014