Altifiber Cup
Altifiber Cup (tidlegare Europris Vårcup, TrollAktiv Cup) er ei åreviss fotballturnering for born 8–12 år (frå 2024 6–11 år) på EHbanen ved Evje stadion på Evje. Cupen blir spelt ein laurdag i april månad kvar vår. Han er det største faste enkeltarrangementet til fotballgruppa i Otra IL. Turneringsleiar 2012–2016 var Pål Danielsen. I 2017 leia Geir Daasvatn turneringa. 2018–2019 leia Hilde Bjorå. I 2020–2021 var det ikkje cup på grunn av koronarestriksjonar. Frå 2022 har Kristian Tønnesøl overteke leiinga.
Cupen blei spelt for første gong i 2012. Då var han ei lita «miniturnering» med 14 lag og 80–100 deltakarar. I 2015 var 74 lag og 700 spelarar med. Frå 2015 gjekk Europris Evje inn som hovudsponsor for turneringa. Europris var hovudsponsor ut 2022. 2023–2025 var TrollAktiv hovudsponsor. Altifiber er ny hovudsponsor frå 2026. Otra IL sin hovudsponsor, Evje og Hornnes Sparebank, er også med som ein viktig økonomisk støttespelar.
I 2015 fekk fotballgruppa tildelt 50.000 kroner frå samarbeidsprosjektet Canal Digital Gir tilbake, der Canal Digital saman med Norsk Toppfotball og Norges Fotballforbund gir støtte til utvalde breiddefotballklubbar over heile landet til ulike fotballaktivitetar. Canal Digital sitt ønske var å stø opp under arbeidet fotballgruppa gjer for borna gjennom Vårcupen, og då særleg å bidra til at turneringa fortsatt kunne vere gratis for borna.
Sjå også
- TrollAktiv Cup 2025
- TrollAktiv Cup 2024
- TrollAktiv Cup 2023
- Europris Vårcup 2022
- Europris Vårcup 2019
- Europris Vårcup 2018
- Europris Vårcup 2017
- Europris Vårcup 2016
- Vårcupen 2015
- Miniturnering 2014
- Miniturnering haust 2013
- Miniturnering vår 2013
- Miniturnering 2012
Kjelder
- Geir Daasvatn, leiar Otra IL fotball