Bykletunnelene
Foto: Siri Johannessen
Bykletunnelene er to tunneler på Riksvei 9 ved Byklestigen i Bykle. Dei går gjennom Stigafjell (søndre tunnel) og Sandefjellet (nordre tunnel). Tunnelane blei bygde 1984–1985, og gjorde slutt på dei rasfarlege strekningane på setesdalsvegen rundt Byklestigen og Svåa rett sør for Bjones.
Frå 2. september 2024 og eit par månader framover hausten var begge tunnelane stengde for diverse vedlikehaldsarbeid. Trafikken blei då leia forbi på den gamle riksvegen.
Kjelder
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 181–184
- Reidar Tveito, Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord, 2014, side 202–203
- Norgeskart.no
- Stykke om stengde Bykletunnelar hausten 2024 på heimesida til Bykle kommune