Den Gamle Gaard

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. september 2025 kl. 20:20 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
Hopp til navigering Hopp til søk
Det gamle setesdalshuset der Den Gamle Gaard held til.
Den Gamle Gaard 27. september 2025.
Foto: Geir Daasvatn

Den Gamle Gaard er eit selskapslokale på Hovden. I sommarsesongen driv kokken Thor Thorstensen kafé der. Elles kan grupper bestille servering. Lokala er ein del av gardsbutikken Fjellgarden Hovden. Ein legg vekt på kortreiste råvarer i matlaginga.

Bygningen er eit tradisjonelt lafta setesdalshus. Det har årestove i eine enden og skåp og kvile med peis i nystova. Her blir det dekt bord til opp til 30 gjester, men i uformelle høve der også årestova nyttast, kan ein ha fleire gjester. Vertskapet kan også ordne med underhaldning, til dømes felespel eller folkesong.

Kjelder