Parallelltun
Parallelltun er gardstun, rekkjetun, der husa er organiserte i to rekkjer. Rygnestadtunet er eit parallelltun. Stovehusa og Trihagloptet er bygde saman i ei rekkje. I ei anna rekkje framfor står løa og dei ulike bygningane for husdyr. Dette var naturleg og lageleg der landskapet halla framover. Siget frå gjødsla rann då vekk frå tunet, og gjødsla bakkane nedanfor.[1]
Referansar
- ↑ Leonhard B. Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 15-16