Berg (Valle gnr 51)
Berg er ein gard (gnr. 51) i dalsida på vestsida av Otra, ovafor Åmli, i Valle. Bruka på garden ligg mellom 550 og 620 moh. Nord-aust for Berg stig Steinsås opp til 782 moh. Frå enden av vegen til Berg går det privat skogsbilveg vidare innover i Hylesdalen. Det høyrer mykje hei til garden, i sameige med Åmli.[1]
Historie
«Namnet kan tyde på ein gard av etter måten høg alder - iallefall frå mellomalderen», skriv Alfred Ryningen i Gards- og ættesoga for Valle.[2]
Segn
Vonde-Åsmund Berg skal ha levd kanskje på same tida omtrent som Vonde-Åsmund Rygnestad (1500-talet). Åsmund Berg kom eingong for seint til kyrkja. Presten påtala dette offentleg. Vonde-Åsmund knivstakk og drap då presten etter messa. Ålmugen hemnde seg med å steine han i hel.[3]
Litteratur
- Alfred Ryningen, Valle kommune III - Gards- og ættesoge Valle, 1987, side 355-413
Referansar
- ↑ Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 355
- ↑ Valle III, side 355
- ↑ Valle III, side 362-363