Abusdalsvegen
Foto: Geir Daasvatn
Abusdalsvegen er ein omlag 15 km lang veg mellom Hannåsmoen og Abusdal på vestsida av Otra sør i Evje og Hornnes kommune. Mellom Hannåsmoen og Abusland (12,3 km) er han fylkesveg.
Vegen startar i krysset med Rv-9 (Setesdalsvegen) ved Hannåsmoen på Moisund. Han går vestover og stig i terrenget forbi gardane Fjellestad, Tønnesland, Li, Sutestad, Haugland og Espetveit (400 moh.). Så kjem eit langt stykke oppe på heia fram til garden Kalland. Her er vasskilet mellom Otra og Mandalsvassdraget. Vegen går nedover i terrenget igjen fram til Abusland-grenda. Her sluttar fylkesvegen. Abusdalsvegen svinger no nordover og går fram til garden Abusdal, som er den innerste av dei vestre heiegardane i Hornnes.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 24
- Vedtak i Evje og Hornnes kommunestyre 24. oktober 2013 om offisielle vegadresser i kommunen