Toril Dale: Skilnad mellom versjonar
bilde |
personmal |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
{{Person | bilde =Toril Dale.jpg | bildetekst = | fdag =7 | fmåned =2 | får =1950 | ddag = | dmåned = | dår = }} | |||
'''Toril Dale''' (fødd 7. februar 1950 i Porsgrunn) er autorisert finansiell rådgjevar i [[Valle sparebank]]. Ho vaks opp i Fyresdal og budde der til ho var seks år. Då flytta dei til Kirkenær i Solør, der dei budde i to år før dei flytta til Røyknes ved Kristiansand, der han arbeidde på Nomeland kraftsatsjon. Etter fem år flytta dei vidare til [[Nomeland i Hylestad]], dit dei kom 1. desember 1963. Etter framhaldsskulen begynte ho på [[Hornnes Landsgymnas]]. Ho tok og husmorskule i Kvinesdal eitt år før ho gifta seg seg med [[Pål Dale]] i 1970. | '''Toril Dale''' (fødd 7. februar 1950 i Porsgrunn) er autorisert finansiell rådgjevar i [[Valle sparebank]]. Ho vaks opp i Fyresdal og budde der til ho var seks år. Då flytta dei til Kirkenær i Solør, der dei budde i to år før dei flytta til Røyknes ved Kristiansand, der han arbeidde på Nomeland kraftsatsjon. Etter fem år flytta dei vidare til [[Nomeland i Hylestad]], dit dei kom 1. desember 1963. Etter framhaldsskulen begynte ho på [[Hornnes Landsgymnas]]. Ho tok og husmorskule i Kvinesdal eitt år før ho gifta seg seg med [[Pål Dale]] i 1970. | ||
Versjonen frå 27. september 2014 kl. 23:05
| Toril Dale | ||
|---|---|---|
| ||
| Født: | 7. februar 1950 (76 år) | |
Toril Dale (fødd 7. februar 1950 i Porsgrunn) er autorisert finansiell rådgjevar i Valle sparebank. Ho vaks opp i Fyresdal og budde der til ho var seks år. Då flytta dei til Kirkenær i Solør, der dei budde i to år før dei flytta til Røyknes ved Kristiansand, der han arbeidde på Nomeland kraftsatsjon. Etter fem år flytta dei vidare til Nomeland i Hylestad, dit dei kom 1. desember 1963. Etter framhaldsskulen begynte ho på Hornnes Landsgymnas. Ho tok og husmorskule i Kvinesdal eitt år før ho gifta seg seg med Pål Dale i 1970.
Ho arbeidde på Nordibø landhandel før ho begynte på Valle alders- og sjukeheim 1. desember 1973. Der arbeidde ho fire år før ho fekk jobb i Valle Sparebank 1. desember 1977. Då hadde ho teke handelsskulekurs i Valle, der ho hadde banksjef Olav O. Rike til lærar. Etter at ho begynte i banken har ho teke bankfagleg utdanning på BI.
På fritida har ho vore aktiv i gardsdrifta på Dale, ført rekneskap, og vore leiar i overformyndariet i Valle sidan 1977. Ho har og vore medlem av kontrollutvalet i Valle kommune og medlem av styret i Valle Handel, men ho har og funne tid til å vere medhjelpar i Valle Radio, der ho er telefonvakt.
Kjelde
- Opplyst av Toril Dale i samtale onsdag 9. januar 2013
