Salve Birkås: Skilnad mellom versjonar
lenkefiks |
Utfyllende oppl om Birkås |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Salve Birkås''', fødd 1881 og død 1941, skogsarbeider og treskjerar som budde på [[ | '''Salve Birkås''', fødd 1881 og død 1941, var ein skogsarbeider og treskjerar som var fødd i plassen [[Birkåsen]] (Bærkjåsen) i [[Hornnes]], men som seinare budde på eit loftsrom hos systera [[Aslaug Jortveit]] på [[Kjetså]]. Han var son til [[Alf Simonson Birkås]] og kona Tomine Taraldsdotter Holmsland frå Søgne. Birkås tok tidleg til å skjere ut figurar i tre, og utvikla seg snart til ein dugande kunstnar. Han blei kjend langt utanfor bygda for sine livaktige treskulpturar av dyr og folk, og vann fleire gonger førstepremie for arbeida sine på utstillingar. I ein klasse for seg står ''Nattverden'', eit tablå av Kristus og alle apostlane rundt nattverdsbordet. | ||
Nokre av arbeida til Birkås finnast enno i bygda. Mellom anna heng det ei vakker treskjering - eit krusifiks - av Jesus på korset i [[Hornnes kyrkje]]. Men mykje - deriblant mange av dei beste arbeida - er spreidde rundt omkring i landet og endå lenger. | Nokre av arbeida til Birkås finnast enno i bygda. Mellom anna heng det ei vakker treskjering - eit krusifiks - av Jesus på korset i [[Hornnes kyrkje]]. Men mykje - deriblant mange av dei beste arbeida - er spreidde rundt omkring i landet og endå lenger. | ||
''Etter at systera og mannen hennar gjekk bort, blei det meir og meir vanskeleg for han å klare seg. Då han døydde i 1941, var han "bortsett" på ein gard i Øvrebø'', skriv [[Torgrim Dåsnes]] i ein artikkel om Birkås i [[Jol i Setesdal 2005]]. | |||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
[[Alf Georg Kjetså]] og [[Torgrim Dåsnes]], ''Salve Birkås - ein gløymd bygdekunstnar'', artikkel i [[Arnstein]], 2005, s. 34-35 | [[Alf Georg Kjetså]] og [[Torgrim Dåsnes]], ''Salve Birkås - ein gløymd bygdekunstnar'', artikkel i [[Arnstein]], 2005, s. 34-35 | ||
Torgrim Dåsnes og Alf Georg Kjetså, ''Treskjeraren Salve Birkås'', artikkel i Jol i Setesdal 2005, s. 14-15 | |||
{{DEFAULTSORT:Birkås, Salve}} | {{DEFAULTSORT:Birkås, Salve}} | ||
Versjonen frå 30. august 2014 kl. 10:18
Salve Birkås, fødd 1881 og død 1941, var ein skogsarbeider og treskjerar som var fødd i plassen Birkåsen (Bærkjåsen) i Hornnes, men som seinare budde på eit loftsrom hos systera Aslaug Jortveit på Kjetså. Han var son til Alf Simonson Birkås og kona Tomine Taraldsdotter Holmsland frå Søgne. Birkås tok tidleg til å skjere ut figurar i tre, og utvikla seg snart til ein dugande kunstnar. Han blei kjend langt utanfor bygda for sine livaktige treskulpturar av dyr og folk, og vann fleire gonger førstepremie for arbeida sine på utstillingar. I ein klasse for seg står Nattverden, eit tablå av Kristus og alle apostlane rundt nattverdsbordet.
Nokre av arbeida til Birkås finnast enno i bygda. Mellom anna heng det ei vakker treskjering - eit krusifiks - av Jesus på korset i Hornnes kyrkje. Men mykje - deriblant mange av dei beste arbeida - er spreidde rundt omkring i landet og endå lenger.
Etter at systera og mannen hennar gjekk bort, blei det meir og meir vanskeleg for han å klare seg. Då han døydde i 1941, var han "bortsett" på ein gard i Øvrebø, skriv Torgrim Dåsnes i ein artikkel om Birkås i Jol i Setesdal 2005.
Kjelder
Alf Georg Kjetså og Torgrim Dåsnes, Salve Birkås - ein gløymd bygdekunstnar, artikkel i Arnstein, 2005, s. 34-35 Torgrim Dåsnes og Alf Georg Kjetså, Treskjeraren Salve Birkås, artikkel i Jol i Setesdal 2005, s. 14-15