Yksenskor: Skilnad mellom versjonar
Føyd til ekstern lenke |
lenkefiks |
||
| Line 5: | Line 5: | ||
Det skjedde ei tragisk ulukke på Yksenskor [[17. desember 1817]]. Eit stort snøskred losna i fjellsida ovafor garden, og braut ned våningshuset som stod på garden. Sju menneskje omkom. Nye hus vart bygde opp litt lenger vekk frå fjellsida. | Det skjedde ei tragisk ulukke på Yksenskor [[17. desember 1817]]. Eit stort snøskred losna i fjellsida ovafor garden, og braut ned våningshuset som stod på garden. Sju menneskje omkom. Nye hus vart bygde opp litt lenger vekk frå fjellsida. | ||
Distriktslege [[Nils Ingemann Kile]] i [[Evje]] kjøpte garden i 1932. Han sette tidlig i 1940-åra opp våningshuset og uthuset som står på garden no. Dagens eigar (2014) er son til doktor Kile, [[Elg Ingemann Kile]], | Distriktslege [[Nils Ingemann Kile]] i [[Evje]] kjøpte garden i 1932. Han sette tidlig i 1940-åra opp våningshuset og uthuset som står på garden no. Dagens eigar (2014) er son til doktor Kile, [[Elg Ingemann Kile]], Evje. | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
Versjonen frå 23. august 2014 kl. 10:21
Yksenskor er ein gard på heia aust for Dåsvatn øverst i Dåsvannsdalen i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Den første kjende eigaren var Tollei Yksenskor, som er nevnt i lensregnskapa frå 1610-1618. Garden er då sikkert opparbeidd endå tidligare.
Det kom kjøreveg fram til garden, Yksenskårvegen, frå Håvestøl i Åseral først ca 1979. Fram til då var tilkomsten frå Dåsvatn gjennom Sydalen og opp ein veldig bratt stig det siste stykket (Skotet).
Det skjedde ei tragisk ulukke på Yksenskor 17. desember 1817. Eit stort snøskred losna i fjellsida ovafor garden, og braut ned våningshuset som stod på garden. Sju menneskje omkom. Nye hus vart bygde opp litt lenger vekk frå fjellsida.
Distriktslege Nils Ingemann Kile i Evje kjøpte garden i 1932. Han sette tidlig i 1940-åra opp våningshuset og uthuset som står på garden no. Dagens eigar (2014) er son til doktor Kile, Elg Ingemann Kile, Evje.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Gards- og ættesoge for Hornnes, 1969
- Alf Georg Kjetså og Torgrim Dåsnes, Snøskredulukka på Yksenskor, artikkel i Jol i Setesdal, 2006