Rysstad: Skilnad mellom versjonar
sInkje endringssamandrag |
s Bilde |
||
| Line 13: | Line 13: | ||
|[[Fil:Hylestad kirke vinter.jpeg|miniatyr|høyre|Hylestad kyrkje. {{Byline|Helge Haugland}}]] | |[[Fil:Hylestad kirke vinter.jpeg|miniatyr|høyre|Hylestad kyrkje. {{Byline|Helge Haugland}}]] | ||
|[[Fil:Rysstad Setesdal 150516 (2).jpg|miniatyr|høyre|Rysstad i 2016. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |[[Fil:Rysstad Setesdal 150516 (2).jpg|miniatyr|høyre|Rysstad i 2016. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
| | |||
[[Fil:Rysstad 141124-2.jpg|mini|høgre|Forretningsbygg på Rysstad 14. november 2024. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | |||
|} | |} | ||
Siste versjonen frå 3. desember 2024 kl. 21:37

Rysstad er ei grend og sentrum i Hylestad, som frå 1962 er ein del av Valle kommune. Hylestad kyrkje, Setesdalsmuseet sitt hovudkontor, Sølvgarden, Hylestad Auto og fleire andre bedrifter ligg her. Det er industriområde på Rysstadmoen. Riksveg 9 går gjennom Rysstad.
Historie
Det er gjort arkeologiske funn på Rysstad frå yngre steinalder (3 500-1 800 f. Kr.), frå folkevandringstida (500 e. Kr.) og vikingtida (ca. 900 e.Kr). Alfred Ryningen skriv i gards- og ættesoga for Hylestad at det er rimelig at Rysstad eksisterte som eigen gard iallefall så tidleg som då Olav den heilage fall på Stiklestad (1030). I skriftlege kjelder er garden nemnd frå slutten av 1500-talet.
Fram til noko før 1613 var Rysstad truleg ein gard. Ein Knut skal ha vore eigaren. Så vart garden delt i to. Ånund Knutsson skal ha eigd den sørlegaste delen, og Sigurd Gunnarsson den nordlege.
Det var mange husmannsplassar på Rysstad, truleg 22 alt i alt. Den eldste ein kjenner til var Flådøl, som blei rydda i 1730-åra.
Galleri
Foto: Helge Haugland |
Foto: Geir Daasvatn |
Foto: Geir Daasvatn |
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 264 flg.


