Sprekleiken 2010: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ny side: SPREKLEIKEN 2010. I år vert Sprekleiken sundag 3. oktober kl. 14.00. Dette var ei nyskaping som Valle IL og Valle jakt- og fiskelag skipa til i fjor. Konkurransen er inspirert av Olaf Tuf...
 
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
s flyttet Sprekleiken til Sprekleiken 2010: Årets arrangement
(Ingen skilnad)

Versjonen frå 21. september 2010 kl. 14:32

SPREKLEIKEN 2010. I år vert Sprekleiken sundag 3. oktober kl. 14.00. Dette var ei nyskaping som Valle IL og Valle jakt- og fiskelag skipa til i fjor. Konkurransen er inspirert av Olaf Tufte sitt arrangement på Tufte gard og ulike liknande konkurransar som Highland games i Skottland. Stokkekastinga kjem derifrå. Konkurransen går ut på å gjennomføre ei rundløype som i fjor omfatta rundballerulling, stokkekasting, sekkebering og kryping . Dette synte seg å vere ein spanande og publikumsvenleg konkurranseform. Opplegget vert om lag det same i år. Olaf Tufte var hovudpersonen i fjor og drog sjølvsagt i land sigeren. I år er det den sterke 7-kjemparen frå Kristiansand, Ida Marcussen som er hovudpersonen. Ho gjorde eit godt EM og tok og to noregsmeistarskap i fri-idrott i haust, så ho vert hard å bryne seg på både for kara og kvende. I fjor var denne konkurransen ny og ukjend. No satser me på å betre marknadsføringa og ynskjer deltakarar frå heile Setesdal og gjerne landsdelen med. Det er klassar for vaksne menn og kvinner over 16 år, juniorklasse for jenter og gutar under 16 år og lagkonkurranse. Av omsyn til planleggjing og heatoppsett, må me ha påmelding på førehand. Ein må difor melde seg på til post@valle-il.no seinast 1. oktober. Utfyllande informasjon finn ein på www.valle-il.no.

Me satsar på ein fin dag på Valle Stadion den 3. oktober.!