Kveste: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Orto |
s Meir orto |
||
| Line 8: | Line 8: | ||
== Særmerkte hagar == | == Særmerkte hagar == | ||
På Kveste, på Nordigard bnr. 3, er det eit par heilt spesielle hagar med solide steinmurar rundt. Dei er runde, og om lag mannshøge. Største tverrmål er | På Kveste, på Nordigard bnr. 3, er det eit par heilt spesielle hagar med solide steinmurar rundt. Dei er runde, og om lag mannshøge. Største tverrmål er 20–25 meter. Inne i hagane er det planta frukttre. Det var [[Olav F. Kvestad]] (1812-1890) som bygde desse hagane saman med sønene sine.<ref>''Valle III'', side 240</ref> | ||
== Referansar == | == Referansar == | ||
Versjonen frå 1. april 2022 kl. 09:51

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Kveste er ein gard (gnr. 54) i Valle. Han ligg på austsida av Otra, nord for Sandnes og sør for Harstad, Tveiti og Brottveit. På andre sida av Otra ligg Bøgardane. Riksveg 9 går gjennom garden frå sør til nord.
Historie
Kveste skal ha blitt sjølvstendig gard i høgmellomalderen, for så å ha blitt lagt øyde etter Svartedauden.[1] Enno på 1500-talet skal han ha vore underbruk under andre gardar.[2]
Særmerkte hagar
På Kveste, på Nordigard bnr. 3, er det eit par heilt spesielle hagar med solide steinmurar rundt. Dei er runde, og om lag mannshøge. Største tverrmål er 20–25 meter. Inne i hagane er det planta frukttre. Det var Olav F. Kvestad (1812-1890) som bygde desse hagane saman med sønene sine.[3]
Referansar
- ↑ Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 197
- ↑ Valle III, side 198
- ↑ Valle III, side 240