Raudevja: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
Line 26: Line 26:


[[Kategori:Stadnamn i Bygland]]
[[Kategori:Stadnamn i Bygland]]
[[Kategori:Segner]]

Versjonen frå 27. mars 2022 kl. 12:41

Austad sett frå toppen av Reiårsfossen. Ein ser Skeievja som skjer seg inn frå Otra mot høgre, og Raudevja på norsida av Skeievja.

Raudevja er ei lita evje, ei vik, i Skeievja i OtraAustad i Bygland.

Namnet

Harde-Aslak er etter Reidar Vollen i Bygland gard og ætt segnfiguren framfor nokon frå Austad. Harde-Aslak skal ifølge eitt av segna ha drepe Kallhovden, ein bonde og kjempekar på garden Kallhovd i Hornnes. Etter drapet gav Aslak seg på heimvegen, som var over heiene vest for Otra-dalføret. På Austegards-heia i Åseral tok dei to sønene til Kallhovden han att, og drap han der.

Då Aslak ikkje kom heim, for mor hans avgarde for å leite. Ho fann liket hans ein søndags morgon, plukka saman likdelane i ein sekk og for på heimvegen med sekken på ryggen. Heime på Austad vaska ho liket i ei lita evje i elva, tett attmed kyrkja. Evja vart raud av blod, og fekk etter det namnet «Raudevja». Liket vart grave ned på Ækrejordet.

I gards- og ættesoga for Hornnes er segnet attgjeve slik:

«De sille vere ein småkongje på Kallot i gamle daga. Så kom det ein anna småkongje og drap`an. Då dei to sønin`ans kom heim og såg at far deiras var drepen, sinna dei seg opp å sette ette. Dei sto`an att på Åseralsheian, å der fekk dei hemna sæg. Dei fekk drep`an.»

Staden i Austegard der Aslak blei drepen skal heite «Hard-Aslak» den dag i dag. I nærleiken renn «Hard-Aslaksbekken».

Om ein Harde-Aslak verkeleg har levd på Austad veit ein ikkje sikkert. Men Reidar Vollen skriv at det finst tradisjon for at han skal ha vore ein historisk person. Det meste i sogene om han må uansett vere dikting, understrekar Vollen.

Kjelder

Kart

Laster kart ...