Årdalsknapen turløype: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar T (diskusjon | bidrag)
Ny side: '''Årdalsknapen turløype''' går i frå Neset Camping ved Byglandsfjord og opp til toppen av Årdalsknapen, 762 moh. Turlengde ein veg er i underkant av 4 km og turtid fram...
 
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s orto
Line 5: Line 5:


==Umerka turalternativ i same område==
==Umerka turalternativ i same område==
På 1990-talet gjekk det ei merka sideløype ut til [[Elgeknipen]] (Hægeknipen) og vidare ned mot Byglandsfjord. Denne løypa måtte leggast ned, men for den som har stadsans og kan bruka kart, så skulle det vera lett og finna eigen veg til Elgeknipen, og vidare over [[Toppfjellet]] til Byglandsfjord. Men vær klår over at vegmerka er måla over.
På 1990-talet gjekk det ei merka sideløype ut til [[Elgeknipen]] (Hægeknipen) og vidare ned mot Byglandsfjord. Denne løypa måtte leggast ned, men for den som har stadsans og kan bruka kart, så skulle det vera lett og finna eigen veg til Elgeknipen, og vidare over [[Toppfjellet]] til Byglandsfjord. Men ver klår over at stimerka er måla over.


Eit anna alternativ er å finna eigen veg gjennom [[Vinddalen]] til [[Vassend]] og Byglandsfjord. Ein kan til dømes taka av der turløypa kryssar [[Vinddalsbekken]], og fylgje bekken nedover. Terrenget er myrlendt med lyng og bjørkekratt. Ute i enden av Vinddalen kjem ein inn på ein traktorveg.
Eit anna alternativ er å finna eigen veg gjennom [[Vinddalen]] til [[Vassend]] og Byglandsfjord. Ein kan til dømes taka av der turløypa kryssar [[Vinddalsbekken]], og fylgje bekken nedover. Terrenget er myrlendt med lyng og bjørkekratt. Ute i enden av Vinddalen kjem ein inn på ein traktorveg.


==Andre måtar å kome til Årdalsknapen==
==Andre måtar å kome til Årdalsknapen==

Versjonen frå 13. januar 2013 kl. 20:00

Årdalsknapen turløype går i frå Neset Camping ved Byglandsfjord og opp til toppen av Årdalsknapen, 762 moh. Turlengde ein veg er i underkant av 4 km og turtid fram og tilbake er på 4-5 timar. Stien er rydda og oppmerka og vert bruka av både innfødte og turistar, mest det siste.

Ein populær turveg

Ein kan leggja i veg beint opp frå Neset Camping, men det er like greit å byrja å gå frå gamlevegen i svingen like sør for Neset. Her er det greit å parkera bilen, og ein fylgjer ein traktorveg oppover eit stykke til ein kjem inn på stien frå Neset. Ikkje gløym kameraet, for her er det fin utsikt. Det er ei nokså tung oppstigning i den fyrste delen av løypa, men etterkvart flatar terrenget ut og stien fører litt lenger inn på heia. Til sist vert det ei tung, men ikkje så lang oppstigning til sjølve Årdalsknapen. Det aller meste av løypa går på eit fast underlag, men nokre mindre myrstykke må kryssast.

Umerka turalternativ i same område

På 1990-talet gjekk det ei merka sideløype ut til Elgeknipen (Hægeknipen) og vidare ned mot Byglandsfjord. Denne løypa måtte leggast ned, men for den som har stadsans og kan bruka kart, så skulle det vera lett og finna eigen veg til Elgeknipen, og vidare over Toppfjellet til Byglandsfjord. Men ver klår over at stimerka er måla over.

Eit anna alternativ er å finna eigen veg gjennom Vinddalen til Vassend og Byglandsfjord. Ein kan til dømes taka av der turløypa kryssar Vinddalsbekken, og så fylgje bekken nedover. Terrenget er myrlendt med lyng og bjørkekratt. Ute i enden av Vinddalen kjem ein inn på ein traktorveg.

Andre måtar å kome til Årdalsknapen

Lokalkjende legg gjerne sin veg over Heståsknapen eller om Kleivtjørni, og ein del kjem til Årdalsknapen frå Gautestad. Frå Flatebygd går det ein stengd bomveg til Årekleppstølen, og dette er vel den lettaste vegen hit, men det vert mykje lenger å gå. Det er også ein sti frå Grendi.

Men for ukjende er det tryggast å fylgja den oppmerka turvegen mellom Neset Camping og toppen.

Kart

Laster kart ...

Ekstern kjelde

Sjå også