Bjørgulv Myhola: Skilnad mellom versjonar
s Lenke Lidi |
s Føyd til en ekstra kilde |
||
| Line 15: | Line 15: | ||
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 505–507 og bind VI, utgjeve 2009, side 497–499 | *[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 505–507 og bind VI, utgjeve 2009, side 497–499 | ||
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 400 | *[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 400 | ||
*Svein Inge Olsen, ''[[Den siste av dei gamle]]'', utgjeve på eige forlag, 2021, side 38 | |||
{{DEFAULTSORT:Myhola, Bjørgulv}} | {{DEFAULTSORT:Myhola, Bjørgulv}} | ||
Siste versjonen frå 11. april 2021 kl. 15:51
| Bjørgulv Myhola | ||
|---|---|---|
| Bjørgulv Myhola med stuten | ||
| Født: | 21. september 1872 | |
| Død: | 18. august 1968 (95 år) | |
Bjørgulv Sveinson Myhola (fødd 1872, død 1968) var bonde og krøterhandlar i Bygland.
| Han var ein særmerkt mann. Han var kjent over heile landsdelen, og knapt nokon setesdøl blei fotografert så ofte som han. Motivet var ofte «mannen med stuten». Det er fortalt mange soger om han, og det kan ikkje vere mange setesdølar det er skrive meir om heller. Sjølv var han ein glimrande forteljar i beste Setesdalstradisjon. | ||
| – Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, s. 507 | ||
.
Bjørgulv overtok gardsbruket Myhola etter faren Svein Bjørgulvson (f. 1836, d. 1903) i 1905. Her blei familien verande til 1916/1917. Truleg budde Bjørgulv på Egså i Åseral eit par år etter dette. I 1920 kjøpte han gardsbruk (bnr. 2) i Bydalen i Åseral. Her døydde kona Birgit Halvorsdotter Myhola (f. 1867, Eldhuset bnr. 5) i 1926. I 1929 flytta Bjørgulv til Skomedal. Etter kvart fekk han seg her ein ny heim, som han kalla Lunden. Her budde han resten av livet, med unnatak for eit par år før han døydde. Då var han hos sonen Svenke i Lidi.
Familie
Bjørgulv og Birgit hadde borna Svein (f. 1895), Tone (f. 1897), Svenke (f. 1899), Anne (f. 1901), to dødfødde sonar (1904 og 1908) og Eivind (f. 1910).
Biografi
I 2021 gav Svein Inge Olsen ut boka Den siste av dei gamle, ein biografi om oldefar sin.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 505–507 og bind VI, utgjeve 2009, side 497–499
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 400
- Svein Inge Olsen, Den siste av dei gamle, utgjeve på eige forlag, 2021, side 38