Livet!: Skilnad mellom versjonar
Ny side |
s Bilde |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Rita 120719 (3).jpg|miniatyr|høyre|Rita [[12. juli 2020]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Livet!''' er eit stykke [[Geir Daasvatn]] skreiv og la ut på Facebook [[20. juni 2020]], same dagen som han gifta seg med sambuaren gjennom 20 år [[Rita Flottorp]]. Det er også med i heftet hans ''[[Bare ein vanleg kvardag – for ei gåve!]]'', som han gav ut i 2020. | '''Livet!''' er eit stykke [[Geir Daasvatn]] skreiv og la ut på Facebook [[20. juni 2020]], same dagen som han gifta seg med sambuaren gjennom 20 år [[Rita Flottorp]]. Det er også med i heftet hans ''[[Bare ein vanleg kvardag – for ei gåve!]]'', som han gav ut i 2020. | ||
Versjonen frå 6. desember 2020 kl. 17:53

Livet! er eit stykke Geir Daasvatn skreiv og la ut på Facebook 20. juni 2020, same dagen som han gifta seg med sambuaren gjennom 20 år Rita Flottorp. Det er også med i heftet hans Bare ein vanleg kvardag – for ei gåve!, som han gav ut i 2020.
Artikkelen
Ja, nå nærmar klokka seg halv tre laurdag ettermiddag. Eg må knyte slipset og gi meg i veg bortover til Hornnes kyrkje. Der skal eg gifte meg med mi kjære Rita om temmeleg nøyaktig ein halv time. Det er ein veldig enkel vigsel. Bare dei aller næraste er med. Vi føler det mest naturleg slik.
Det har vore ei underleg ferd fram til der eg er i dag, snart 60 år gamal. Mest ingenting har blitt slik eg førestilte meg då eg var ein ungdom på veg ut i livet. Det har skjedd mange fleire ulykker og triste ting enn eg hadde tenkt, og dei fleste draumane blei det aldri noko av.
Men eg tenker ikkje eitt sekund på det nå. Livet er ikkje det som hendte i går, eller det som kanskje kjem til å skje om ei veke eller eitt år. Livet er her og nå. Det er kvart lille augneblink vi har på denne jord. I dag, i denne stunda, skal eg få lov til å bli mannen til den snillaste og vakraste jenta eg veit om i heile verda. Eg kjenner meg ikkje fortent til det, for Rita er eit heilt spesielt menneske med eit heilt spesielt sinnelag. Men ho er ei vaksen jente, som godt kan tenke sjølv, og ho seier ho vil dele resten av tida saman med meg. Så eg har slått meg til ro med at det er dette ho vil.
Eg har ingen ønske for meg sjølv på denne dagen. Eg er bare takknemlig for at Rita og eg skal fortsette å dele livet saman, slik vi har gjort i meir enn 20 år nå. Men eg skulle ønske ein liten ting for oss menneske, for verda. Eg skulle ønske at vi alle, meg sjølv inkludert, kunne bli mykje flinkare til å vise omsyn for andre menneske. Eg tykkjer at vi som har så mykje frå før, bare blir meir og meir opptekne av å få endå meir. Når vi har vore så heldige å få så gode sjansar til eit bra liv, kvifor kan vi ikkje bare unne andre den same mogelegheita? Så må sjølvsagt dei som ikkje har så godt eit utgangspunkt, gjere den største innsatsen sjølve for å få eit betre liv. Men vi som alt har kome på den grøne greina skulle, etter mi meining, ikkje oppføre oss slik at den kampen blir ekstra lang og tung for medmenneska våre.
Den dagen då mamma og Magne døydde i den tragiske bilulykka borte i Froland, var kanskje den tyngste av dei alle. Pappa, Finn og Nok er heller ikkje med oss lenger. I dag 20. juni 2020 er kanskje den aller finaste dagen i livet mitt. Det er meir enn 20 år mellom desse hendingane. Livet er sanneleg mangfoldig. Sorgen og gleda går hand i hand. Dei er begge naudsynte delar i det kompliserte maskineriet som livet er.
Eg takkar Rita for at ho vil vere min ven for resten av livet, prest Rune for at han vil vigsle meg fordi om eg er ein skilt syndar som ikkje alltid har gjort det rette i livet mitt, og forsynet for at eg får oppleve denne store dagen.
Sett bort frå det, ønsker eg dykk alle ei strålande fin helg. Har du det vanskeleg og slit i livet, sender eg ein ekstra varm tanke til deg. Det er ikkje alltid alt blir bra igjen, etter mi erfaring, men som oftast går det den rette vegen.
Det er livet!