Rysstad: Skilnad mellom versjonar
s Føyd til Hylestad Auto |
s Kart |
||
| Line 13: | Line 13: | ||
*[[Alfred Ryningen]], [[Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad]], utgjeve av Valle kommune, 1985, side 264 flg. | *[[Alfred Ryningen]], [[Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad]], utgjeve av Valle kommune, 1985, side 264 flg. | ||
<!-- | <!-- | ||
== Kart == | |||
{{#display_map: 59.09212274093414,7.537289523799018~Rysstad Valle}} | |||
Versjonen frå 30. oktober 2019 kl. 07:00


Rysstad er ei grend og sentrum i Hylestad, som frå 1962 er ein del av Valle kommune. Hylestad kyrkje, Setesdalsmuseet sitt hovudkontor, Sølvgarden, Hylestad Auto og fleire andre bedrifter ligg her. Det er industriområde på Rysstadmoen. Riksveg 9 går gjennom Rysstad.
Historie
Det er gjort arkeologiske funn på Rysstad frå yngre steinalder (3 500-1 800 f. Kr.), frå folkevandringstida (500 e. Kr.) og vikingtida (ca. 900 e.Kr). Alfred Ryningen skriv i gards- og ættesoga for Hylestad at det er rimelig at Rysstad eksisterte som eigen gard iallefall så tidleg som då Olav den heilage fall på Stiklestad (1030). I skriftlege kjelder er garden nemnd frå slutten av 1500-talet.
Fram til noko før 1613 var Rysstad truleg ein gard. Ein Knut skal ha vore eigaren. Så vart garden delt i to. Ånund Knutsson skal ha eigd den sørlegaste delen, og Sigurd Gunnarsson den nordlege.
Det var mange husmannsplassar på Rysstad, truleg 22 alt i alt. Den eldste ein kjenner til var Flådøl, som blei rydda i 1730-åra.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 264 flg.