Hylestad kyrkje: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Bibliografi: festskrift
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Bibliografi: lenkefiks
Line 10: Line 10:
== Bibliografi ==
== Bibliografi ==
*''[[Hylestad kyrkje 150 år]]''. ISBN 82-991855-0-5 Utgjeve av Hylestad sokneråd 1989
*''[[Hylestad kyrkje 150 år]]''. ISBN 82-991855-0-5 Utgjeve av Hylestad sokneråd 1989
*[[Aasulv Austad]]: ''[[Hylestad kyrkje - Festskrift til 100-årsjubileet]]'' 25. juni 1939
*[[Aasulv Austad]]: ''[[Hylestad kyrkje - Festskrift til 100-års jubileet]]'' 25. juni 1939


{{Kyrkjer og forsamlingshus i Valle}}
{{Kyrkjer og forsamlingshus i Valle}}

Versjonen frå 28. juni 2012 kl. 22:46

Foto: Helge Haugland

Hylestad kyrkje er kyrkje for Hylestad sokn i Valle prestegjeld i Otredal prosti under Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja.

Den er ei åttekanta kyrkje i lafta tømmer frå 1838, bygd av Anders "Kyrkjebyggjar" Thorson Syrtveit. Han bygde dei fleste kyrkjene i Setesdal. Kyrkja har 200 sitjeplassar og to galleri. I våpenhuset er det kopiar av Hylestadportalene, med motiv frå heltesagaen om Sigurd Fåvnesbane. Desse portalane kom frå stavkyrkja. Altertavla har motiva «krossfestinga» og «nattverden». På galleriet i kyrkja står eit orgel med tolv stemmer bygd av Brødrene Torkildsen Orgelbyggeri i 1991.

Noverande kyrkje står på Rysstad, det gamle senteret i kommunen og den er den tredje kyrkja i dette soknet. Den første, Hylestad stavkirke vart riven på 1600-tallet, og langkyrkja som hadde overteke etter begynte å forfalle i 1830-åra. Då det vart bestemt at ei ny kyrkje skulle byggjast, vart det og bestemt at kyrkjestaden skulle flyttast frå Bjørgum på auststida til til Rysstad på vestsida av Otra. Grunnen til dette var at dei fleste innbyggjarane i soknet budde på vestsida av elva. Ved å bygge den nye kyrkja på vestsida ved den nye postveien, det som i dag er riksveg 9, slapp kyrkjegjengarane frå vestsida å ro til kyrkja. Truleg vart brukbare materialar frå den gamle kyrkja gjenbrukt i den nye, på den tida var det ikkje så mykje skog i området, all jord vart ble beita.

Det var open vegkyrkje her kvar sommar frå 1992 til 2005. Sidan har det ikkje vore vegkyrkje, men i sommarperioden står kyrkja open.

Bibliografi


Kyrkjer og forsamlingshus i Valle kommune
Hylestad kyrkje · Valle kyrkje
Broderheimen bedehus · Oveinang grendehus · Nomeland bedehus · Valle menighetshus
Fjellro grendehus på Hovet · Gardane grendehus på Brokke · Hylestad soknehus
Treungen grendehus på Helle · Homme og Tveitebø grendehus