Birketveit: Skilnad mellom versjonar
s Lenke sjukeheimen |
s Presisert kategorien |
||
| Line 15: | Line 15: | ||
{{kart|58.458359453251354,7.9169883811846375~Birketveit Iveland}} | {{kart|58.458359453251354,7.9169883811846375~Birketveit Iveland}} | ||
[[Kategori:Iveland]] | [[Kategori:Stadnamn i Iveland]] | ||
Versjonen frå 10. september 2017 kl. 08:54

Birketveit er ei bygd i Iveland, og det administrative senteret i kommunen. Her ligg kommunehuset, daglegvarebutikk, Iveland kyrkje, alders- og sjukeheim, barne- og ungdomsskule og idrettshall. Birketveit er også eit trafikknutepunkt. Vestover går Fv-403 til Hodne der han møter Setesdalsvegen. Fv-403 går også sørover til Vennesla. Nordover går Fv-291 til Frikstad og vidare austover til Engesland i Vegusdal.
Dei seinare åra har det skjedd ei stor utbygging i sentrum av Birketveit, med nye bustader og sentrumsbygget Åkle med fleire forretningar, kafe og leiligheitar. Kommunestyret i Iveland ønsker å utvikle ein «framtidslandsby» her.
Gjennom Birketveit og ut i Birketveittjønna renn den vesle elva Langsima.
Kjelder
Om framtidsbygda Birketveit hos Aust-Agder fylkeskommune