Gautestad Fjellstue: Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
s Presisert kategorien |
||
| Line 8: | Line 8: | ||
*[http://home.no/salmelid/nlmleksikon.html Om Gautestad kurs- og misjonssenter i NLM-leksikon] | *[http://home.no/salmelid/nlmleksikon.html Om Gautestad kurs- og misjonssenter i NLM-leksikon] | ||
[[Kategori:Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Bygninger i Evje og Hornnes]] | ||
Versjonen frå 22. mai 2017 kl. 07:59
Gautestad kurs-og misjonssenter ligg på Gautestad i Evje og Hornnes kommune, 17 km frå Evje. Staden var ei gåve til Agder krets av Norsk Luthersk Misjonssamband i 1994. Det var brukt til retreat for NLM-arbeidarar og andre for første gong i oktober 1996.
I utgangspunktet var staden eit vanleg gardsbruk som etter kvart vart regulert til utbygging for hytter og fritidsføremål. Staden vart mykje nytta av britiske soldatar som øvingstad for vinterøvingar. Men i 1991 brann anlegget. Staden og forsikringspengane vart då gjeve til NLM for å etablere ein stad for aktivitet og rekreasjon for unge og gamle. Det var imidlertid ikkje lett å drive staden i misjonsregi, og fleire gonger har det vore drøfta å selje anlegget, seinast i 2008. Då vart det stifta ei forening som fekk overta heile senteret for å drive det vidare i tråd med NLM sine ideal.