Harald Lund: Skilnad mellom versjonar
s Fjernet Kategori:Lund-slekta; La til Kategori:Lunds etterkommere via HotCat |
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Valle kommune +Døde personer fra Valle kommune) |
||
| Line 17: | Line 17: | ||
{{DEFAULTSORT:Lund, Harald}} | {{DEFAULTSORT:Lund, Harald}} | ||
[[Kategori:Kunstnere]] | [[Kategori:Kunstnere]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Valle kommune]] | ||
[[Kategori:Lunds etterkommere]] | [[Kategori:Lunds etterkommere]] | ||
[[Kategori:Setesdalsmuseets sommerutstilling 2012]] | [[Kategori:Setesdalsmuseets sommerutstilling 2012]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1908]] | [[Kategori:Fødsler i 1908]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1993]] | [[Kategori:Dødsfall i 1993]] | ||
Versjonen frå 19. februar 2017 kl. 19:22
| Harald Lund | ||
|---|---|---|
| Født: | 27. november 1908 | |
| Død: | 8. desember 1993 (85 år) | |

Harald Lund (fødd 27. november 1908 i Valle, død 1993 i Valle) var kunstmålar. Frå 1977 fekk han «Statens stipend for eldre fortjente kunstnere». I 1987 fekk han Valle kommune sin kulturpris, som den fyrste mottakar av denne prisen.
Som tiande barnet til lensmann Juel Lund og kona Jorånd Lund vaks han opp i ein stor søskenflokk. I 1929 kom Harald Lund inn på Statens Håndtverks- og Kunstindustriskole i Oslo. Han gjekk både dag- og kveldskurs og tok i tillegg timar på Statens Kunstakademi. i 1931 kom han heim att til Valle, og frå 1935 hadde han fast måleriutstilling i Haugebirke. «Måleri frå Valle» stod på husveggen hans i alle år. I 1938-39 var han atter i Oslo, då tok han vidare utdanning på Doro von Hannos malerskole.
Utstillingar
Harald Lund deltok på fleire kollektivutstillingar i Oslo, i Kunstnernes Hus og i Oslo Kunstforening i 1930-åra. I 1941 hadde han separatutstilling i Klubben i Kristiansand og i 1951 hadde han ei mindre utstilling i Stavanger. Elles stilte han bare ut heime i Valle og Bykle. Men i 1970 vart to bilete antekne på Sørlandsutstillinga. Sidan hadde han bilete på denne utstillinga 1971-1975 og 1978-1980. Han er kjøpt inn av Christianssands Billedgalleri og Norsk Kulturråd. Valle Sparebank og Valle kommune har og fleire av bileta hans. Mange av bileta hans er stilte ut i kommunestyresalen i Valle. På utstillinga Setesdal sett med kunstnarauge på Setesdalsmuseet er det eitt bilete av Harald Lund. Det er «Tre kvinner rundt ei vogge» frå 1933.
Kjelder
- Leonhard Jansen: Setesdalsmålaren Harald Lund, festskrift, 1988 , Utgitt av Bykle og Valle kunstlag ISBN 8299173604
- Tarald Nomeland: Lund-slekta i Valle-Setesdal 1872-1972