Kristian Kvitne: Skilnad mellom versjonar
s Lenkefiks på flerbrukshuset |
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune) |
||
| Line 13: | Line 13: | ||
[[Kategori:Ap-politikere]] | [[Kategori:Ap-politikere]] | ||
[[Kategori:Otra IL]] | [[Kategori:Otra IL]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1930]] | [[Kategori:Fødsler i 1930]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 2001]] | [[Kategori:Dødsfall i 2001]] | ||
Versjonen frå 18. februar 2017 kl. 15:44
| Kristian Kvitne | ||
|---|---|---|
| Sentral i den lokale idretten i Evje og Hornnes i mest 40 år og æresmedlem i Otra IL. Foto: Setesdølen
| ||
| Født: | 1. oktober 1930 | |
| Død: | 24. juli 2001 (70 år) | |
Kristian Kvitne (fødd 1. oktober 1930, død 24. juli 2001) var offiser i Forsvaret og arbeidde i Evjemoen militærleir i ei årrekkje. Han var også lokalpolitikar (Arbeiderpartiet) i Evje og Hornnes kommune.
Kvitne var leiar i Otra IL i fire periodar på tilsaman ni år: 1968-1969, 1972, 1975-1977 og 1988-1990. Dette er lenger enn nokon annan, med unntak for Finn Bjørn Rørvik. Han var leiar i fotballgruppa 1963-1965 og 1974, og styremedlem i fotballgruppa 1961-1962 og 1968. Han var leiar i orienteringsgruppa 1983-1985, og sekretær i skigruppa i to år. Alt i alt var Kvitne med i styret i idrettslaget i opp mot 30 år, i ulike verv, og samanhengande frå 1962 til 1984. Han vart utnemd til æresmedlem i Otra IL i 1985.
Kvitne var aktiv fotballdommar i om lag 35 år. Han var dessutan leiar av den kommunale ungdoms- og idrettsnemda (KUI) i fleire år, og medlem i byggjekomitéen for Idrettsbygget ved Evje stadion.
Utmerkingar
- Kulturprisen i Evje og Hornnes 1995 for arbeidet sitt med å få bygd Furuly flerbrukshus