Nomeland (Valle gnr 47 bnr 33): Skilnad mellom versjonar
Nomeland (Valle gnr. 47 bnr. 33) |
s Bilde av huset |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Nomeland Valle gnr. 47 bnr. 33 290117 (2).jpg|miniatyr|høyre|Nomelandshus 2017. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Nomeland (Valle gnr. 47 bnr. 33)''' er ein ca 13 mål stor eigedom på [[Nomeland (Valle gnr. 47)|Nomeland]] på vestsida av [[Otra]], vest for [[Valle|Valle sentrum]]. Huset på eigedomen var tidlegare våningshuset på eit gamalt gardsbruk. I dag er det restaurert, og i bruk under namnet «Nomelandshus» som utleigelokale til turistar, selskapslokale og konsertlokale. Det er også eit stabbur og ein låve på eigedomen. | '''Nomeland (Valle gnr. 47 bnr. 33)''' er ein ca 13 mål stor eigedom på [[Nomeland (Valle gnr. 47)|Nomeland]] på vestsida av [[Otra]], vest for [[Valle|Valle sentrum]]. Huset på eigedomen var tidlegare våningshuset på eit gamalt gardsbruk. I dag er det restaurert, og i bruk under namnet «Nomelandshus» som utleigelokale til turistar, selskapslokale og konsertlokale. Det er også eit stabbur og ein låve på eigedomen. | ||
Versjonen frå 30. januar 2017 kl. 10:37

Nomeland (Valle gnr. 47 bnr. 33) er ein ca 13 mål stor eigedom på Nomeland på vestsida av Otra, vest for Valle sentrum. Huset på eigedomen var tidlegare våningshuset på eit gamalt gardsbruk. I dag er det restaurert, og i bruk under namnet «Nomelandshus» som utleigelokale til turistar, selskapslokale og konsertlokale. Det er også eit stabbur og ein låve på eigedomen.
Eigar er Olav Nomeland, som er busett i Oslo
Historie
Den eldste delen av våningshuset skal vere bygd på slutten av 1600-talet, ein nyare del rundt 1820. I 1967 tok den ordinære gardsdrifta slutt. Husa blei fråflytta i 1993. I 2004 blei eit 13 mål stort areal med husa og det gamle kulturbeitet skild ut frå den opphavelege garden, og fekk nytt bnr. 33. Våningshuset og stabburet blei restaurert, og det kom eit tilbygg bak huset. Eigedomen blei teke i bruk til overnatting for turistar, festlokale og konsertar.