Kolandsheia: Skilnad mellom versjonar
Historie |
Fv-462 |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Kolandsheia''' er | '''Kolandsheia''' er strekninga mellom [[Hægeland]] i [[Vennesla]] og [[Bjelland]] i [[Marnardal]]. Vegen her vart utbetra og 6 km asfaltert i 2013. Heile strekninga er på 15 km. Namnet Kolandsheia er ikkje godkjent av Kartverket, dei har anbefalt Rolandsheii som rett form. Men Marnardal kommune brukar namnet Kolandsheia i sitt økonomiske kart. | ||
== Historie == | == Historie == | ||
I 1892 tok arbeidet på [[Setesdalsbanen]] til. Det var klart at jernbanen måtte få konsekvensar for kommunikasjonane i mange bygder i indre Agder. Det var om å gjere å få vegar fram til banen. Eit vegsamband frå Bjelland til Hægeland tvinga seg no fram. Amtstinget drøfta dette sambandet | I 1892 tok arbeidet på [[Setesdalsbanen]] til. Det var klart at jernbanen måtte få konsekvensar for kommunikasjonane i mange bygder i indre Agder. Det var om å gjere å få vegar fram til banen. Eit vegsamband frå Bjelland over Kolandsheia til Hægeland tvinga seg no fram. Amtstinget drøfta dette sambandet i 1892. Men først i 1894 løyvde amtstinget pengar til vegen. Andre som bidrog til å finansiere vegen var Bjelland og Grindheim kommunar, private interessentar, Setesdalsbanen og Kristiansands Brændevinssamlag. Vegen stod ferdig i 1897.<ref>[[Magnus Breilid]], ''[[Kultursoga for Bjelland og Grindheim]]'', utgjeve av bygdesogenemndene i Bjelland og Grindheim, 1974, side 67-68</ref> | ||
Vegen over Kolandsheia er i dag [[Fylkesveg 462 (Vest-Agder)|Fylkesveg 462]]. | |||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
Versjonen frå 12. januar 2017 kl. 09:30
Kolandsheia er strekninga mellom Hægeland i Vennesla og Bjelland i Marnardal. Vegen her vart utbetra og 6 km asfaltert i 2013. Heile strekninga er på 15 km. Namnet Kolandsheia er ikkje godkjent av Kartverket, dei har anbefalt Rolandsheii som rett form. Men Marnardal kommune brukar namnet Kolandsheia i sitt økonomiske kart.
Historie
I 1892 tok arbeidet på Setesdalsbanen til. Det var klart at jernbanen måtte få konsekvensar for kommunikasjonane i mange bygder i indre Agder. Det var om å gjere å få vegar fram til banen. Eit vegsamband frå Bjelland over Kolandsheia til Hægeland tvinga seg no fram. Amtstinget drøfta dette sambandet i 1892. Men først i 1894 løyvde amtstinget pengar til vegen. Andre som bidrog til å finansiere vegen var Bjelland og Grindheim kommunar, private interessentar, Setesdalsbanen og Kristiansands Brændevinssamlag. Vegen stod ferdig i 1897.[1]
Vegen over Kolandsheia er i dag Fylkesveg 462.
Kjelder
- Vegarbeid på Kolandsheia. Artikkel i Setesdølen nr. 77, 2013 side 2
Referansar
- ↑ Magnus Breilid, Kultursoga for Bjelland og Grindheim, utgjeve av bygdesogenemndene i Bjelland og Grindheim, 1974, side 67-68