Evje Aktivitetspark: Skilnad mellom versjonar
s Føyd til Steinsfjell turløype |
s Ørliten oppdatering mht. antall hoppbakker med plast, som nå er fire |
||
| Line 3: | Line 3: | ||
== Framtidsplanar == | == Framtidsplanar == | ||
Trollbakken hoppanlegg skal byggast ferdig. I den største bakken, K-45, må det reisast eit høgt stillas for å gje nok fart til hopparane. | Trollbakken hoppanlegg skal byggast ferdig. I den største bakken, K-45, må det reisast eit høgt stillas for å gje nok fart til hopparane. K-45 skal få plastdekke, slik dei fire minste bakkane alt har. Det er planlagt eit skiband opp til toppen av hoppbakkane. På sikt håper ein å kunne oppgradere alpinbakken ved sida av hoppbakkane, slik at ein også kan renne på alpinski, snøbrett og liknande i anlegget. Sykkelløypene skal byggast ferdige og videreutviklast. Det er under planlegging eit nytt klubbhus/aktivitetshus i området ved kunstgrasbanen. Fleire undergrupper i Otra IL og nokre andre lag og foreninger i bygda er involverte i desse planane. Litt lengre inn i framtida er det tankar om å bygge ein ny kunstgrasbane på det resterande grasarealet. Otra IL ski har konkrete planar om å bygge rulleskiløype med asfaltunderlag i området.<ref>Otra ILs anleggsplan, vedteke på årsmøte 22. november 2012 (årleg rullering)</ref> | ||
== Kart == | == Kart == | ||
Versjonen frå 22. november 2016 kl. 09:04

Evje Aktivitetspark er frå 2016 fellesnamnet på alle idrettsanlegga ved Steinsfjell i Evje. Evje og Hornnes kommune har gjort vedtak om namnet, etter framlegg frå Otra IL.[1] Aktivitetsparken omfattar kunstgrasbanen og resten av fotballanlegget (grasbane m.v.), Tufteparken Evje, sandvolleyballbanen, Evje lysløype, Idrettsbygget, Trollbakken hoppanlegg og dei nye sykkelløypene i Trollbakken. Steinsfjell turløype ligg også her. Evje og Hornnes kommune eig grunnen i heile området, men har leigd vekk eit større område i Trollbakken til Otra IL. Dei ulike idrettsanlegga i parken er dels eigd av kommunen og dels av Otra IL.[2]
Framtidsplanar
Trollbakken hoppanlegg skal byggast ferdig. I den største bakken, K-45, må det reisast eit høgt stillas for å gje nok fart til hopparane. K-45 skal få plastdekke, slik dei fire minste bakkane alt har. Det er planlagt eit skiband opp til toppen av hoppbakkane. På sikt håper ein å kunne oppgradere alpinbakken ved sida av hoppbakkane, slik at ein også kan renne på alpinski, snøbrett og liknande i anlegget. Sykkelløypene skal byggast ferdige og videreutviklast. Det er under planlegging eit nytt klubbhus/aktivitetshus i området ved kunstgrasbanen. Fleire undergrupper i Otra IL og nokre andre lag og foreninger i bygda er involverte i desse planane. Litt lengre inn i framtida er det tankar om å bygge ein ny kunstgrasbane på det resterande grasarealet. Otra IL ski har konkrete planar om å bygge rulleskiløype med asfaltunderlag i området.[3]
Kart
Referansar
<references>