Idrettsbygget: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Ørliten språkvask
Line 1: Line 1:
[[Fil:Idrettsbygget Evje 180114.JPG|miniatyr|høyre|Idrettsbygget vinteren 2014. Foto: [[Geir Daasvatn]]]]
[[Fil:Idrettsbygget Evje 180114.JPG|miniatyr|høyre|Idrettsbygget vinteren 2014. Foto: [[Geir Daasvatn]]]]
'''Idrettsbygget''', eller "Garderobebygget" som det seinare gjerne har blitt kalla, er eit kombinert garderobe- og lagerbygg ved [[Evje stadion]]. Bygget er reist i 1974. [[Evje og Hornnes kommune]] eig bygget.
'''Idrettsbygget''', eller «Garderobebygget» som det seinare mykje har blitt kalla, er eit kombinert garderobe- og lagerbygg ved [[Evje stadion]]. Bygget er reist i 1974. [[Evje og Hornnes kommune]] eig bygget.


Bygninga var teikna av [[Bjarne Haugjord]]. Formann i byggjekomitéen var [[Jostein Berget]]. Ein annan sentral pådrivar i arbeidet med å få reist bygget, og medlem i
Bygninga var teikna av [[Bjarne Haugjord]]. Formann i byggjekomitéen var [[Jostein Berget]]. Ein annan sentral pådrivar i arbeidet med å få reist bygget, og medlem i

Versjonen frå 24. januar 2016 kl. 16:05

Idrettsbygget vinteren 2014. Foto: Geir Daasvatn

Idrettsbygget, eller «Garderobebygget» som det seinare mykje har blitt kalla, er eit kombinert garderobe- og lagerbygg ved Evje stadion. Bygget er reist i 1974. Evje og Hornnes kommune eig bygget.

Bygninga var teikna av Bjarne Haugjord. Formann i byggjekomitéen var Jostein Berget. Ein annan sentral pådrivar i arbeidet med å få reist bygget, og medlem i byggjekomitéen, var Kristian Kvitne.

Reisinga av bygget tok til i 1973, og det stod ferdig hausten 1974. Bygget inneheldt kontor som Otra IL skulle få disponera, garderobar, dusjar og toalett. I kjellaren var det lagerlokale som idrettslaget også skulle få bruke. Kvar gruppe skulle få sitt eige skåp å låse utstyr inn i.

Idrettsbygget, og det nye idrettsanlegget – Evje stadion som det skulle heite – vart høgtideleg opna søndag 15. september 1974. Eit strålande haustver danna ei vakker ramme om opninga. Hornmusikken spela og fleire hundre menneske var samla, skriv Olav Arne Kleveland i Otra IL si jubileumsbok.

Med unnatak for mindre ominnreiingar og utbetringar innvendig, og nokre strøk maling utvendig, er Idrettsbygget mykje det same i dag som i 1974.

Kjelder