Johan S. Gundersen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Johan S. Gundersen
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Alfabetisk rekkefølge på navnet
Line 10: Line 10:
*[[Hotel Dølen 1887]]
*[[Hotel Dølen 1887]]


{{DEFAULTSORT:Gundersen, Johan S.}}
[[Kategori:Personer fra Kristiansand kommune]]
[[Kategori:Personer fra Kristiansand kommune]]
[[Kategori:Bedriftsledere]]
[[Kategori:Bedriftsledere]]

Versjonen frå 10. januar 2015 kl. 13:34

Johan S. Gundersen (fødd i Kristiansand i 1839) var den første til å sette opp hotellEvje, i 1887.

Johan Gundersen var son til kjøpmann John Gundersen. Denne hadde kjøpt Høie spinneri av Lilloe for 8000 spesiedaler i 1857. Fabrikken heldt fram med Lilloe som styrar, og var i slektas eige fram til Oscar Jebsen tok over i 1904. Johan Gundersen flytta til Mosby i 1880 for å driva fabrikken på Høie, og han han dreiv samstundes med handel der. Han dreiv også landhandel på Kile og på Evje, med bakeri i tillegg. Det var Gundersen som bygde huset Nygård ved Birkelandsbrua, der Brødrene Gullestad kom til å starte opp med ei av dei første forretningane i Evje.

Etter at han hadde sett opp Dølen hotel, kjøpte han garden Lande i Grendi, og flytta seinare opp dit. Etter kvart vart Lande teke over av sonen Ragnvald, som igjen selde garden til Jon Løyland i 1930.

Hotellet som Gundersen hadde sett opp brann ned, men eit nytt hotel vart reist på same tomta. Dette er dagens hotel.

Sjå også